Velkommen til

Eikefjorddagane 2014
15.-17. august

Kom til oss!

Her er litt av det du kan oppleve av underhaldning på Eikefjorddagane i år.
I tillegg har vi mykje god mat å by på som rømmegraut og grillmat av fisk og kjøt. Det i lag med mange spanande og nye aktivitetar for born, samt mange nye utstillarar, vil gjere ein tur med familien til Eikefjord til ei stor oppleving og ein flott avsluttning på sommarferien.
Ein må også ha i tankane at her treff ein kjente ein gjerne ikkje har sett/snakka med på år og dag...
Velkommen!
Sjå vårt programhefte her.
Aktivitetar ED 2014

I skrivande stund er vi godt i gang med førebuingane av dei 12. Eikefjorddagane, som
blir arrangert 15.-17. august 2014. Også i år skal sjølvsagt dagane markerast med eit innhaldsrikt program for alle aldersgrupper.
Følg med på nettsida for å få med deg siste nytt.

Vi har eit variert barne- og ungdomsprogram med bl.a. dyreutstilling, veterantraktor,
båten «Elias», ansiktsmåling og hesteriding. Nytt av året er klatretårn og kajakk.
På laurdag vert det også ei oppvising med ein av Noregs beste gokartkøyrarar,
Cedrik Fonn Skåre.

Direktør i Lotteri og stiftelsetilsynet Atle Hamar vil stå for opninga av dagane fredag, og
samtidig dele ut Eikefjordprisen. Det vert sjølvsagt gratis kakebord i år også, før kunstutstillinga
på Magnhildbua opnar kl. 18.00.

I år er det den dyktige kunstnaren Solveig Haukaas som kjem med sine unike emaljebilete og smykke. Kyrkjekonserten fredag kveld (kl. 20.00) vert i år med Koriander, som har med seg musikarane Steinar Karlsen, Dag Øivind Rebnord, Laila Beathe Førde og Trond Strand.
I messeteltet fredag kveld vert det allsong og god stemning med bandet Gran Prix. Ein sikker
vinnar frå i fjor! For ungdommen er det Drive-in kino på Eikefjord stadion kl.22.00.

Laurdag kl. 10.30 startar marknaden. I sentrum har vi mellom anna kunstutstilling og
ulike sals- og informasjonsstander både innandørs og utandørs. Vi har også eit stort telt
med mange matprodusentar. Nytt av året er at det og blir marknad med god variasjon av
spennande handverkarar i storsalen på Allhuset.

Av underhaldning laurdag går Good Time Charlie på scena kl. 13.00 med eit familieprogram.
Her blir mange kjente melodiar frå nynorsk barne-tv. Lattermusklane skal få fart på
seg når "Kjellen" frå Klypa kjem kl. 14.30. Karen frå Sunnmøre treng ikkje vidare presentasjon
- det fiksar han sjølv! Dansen laurdag kveld blir som vanleg på Langedalsbua, med
det spanande danseorkester "Splint" som spelar variert og god dansemusikk.

Søndagen startar med marknad og aktivitetar i sentrum kl. 11.30, og kl. 12.00 vert det
friluftsgudsteneste på stranda (om vêret tillèt det). Fylkets kanskje mest kjente trubadur
og visesongar Olav Stedje held konsert i teltet søndag kl. 14.00.
Denne helga bør ein ta turen til Eikefjord for ei fin oppleving. Vi ynskjer alle hjarteleg
velkomne!

Annonse prisar eks.mva
Annonse
Format Pris
Merknad
1/1 side
120 x 190mm
4500,-
Inkluderar standplass på ED 2012
1/2 side
120 x 94mm
2500,-
Tillegg for standplass,
Sjå
1/4 side
120 x 46mm
1500,- Tillegg for standplass,
Sjå
NB! Alle priser innbefatter 4 fargar.
Format programhefte A5
Distribusjonsområde: Flora kommune

Tips en venn

*
*
Inivitasjon/Kontrakt for utstillar:

PDF-Kontrakt med invitasjon