Vi feirar 10 års jubileum!!

Eikefjord Dagane 2013
(2003-2013)

16-18 august

Her får du etter kvart innhaldet jubileumsarrangementet vårt i 2013
I menyen til venstre finn du ei meir utfyllande oversikt.

I år har Eikefjord Dagane 10 Års jubileum (2003-2013) og heile bygda satsar på at dette skal bli det "best ever" med tanke på innhald, besøkstal og at vergudane er med oss gjennom heile helga.
I undermenyane til venstre finn du info om ED 2012 og kva tidligare Eikefjord Dagar har hatt av innhald tilbake til 2006
Dei 3 første åra har vi berre papirbasert arkiv av og har derfor kunn lagt inn framsida på desse hefta. Men gjennom denne historikken får ein eit inntrykk av det som har gjort ED til eit varemerke som den store familie helga i Sunnfjord. Så kom å opplev dette folkehavet på ein 5-6000 mennesker i løpet av ei helg i ei lita bygd med 6-700 fastbuande.
Heile Eikefjorden håpar at næringslivet i Sunnfjord vil vere med å gjere ED 2013 til ei stor oppleving for store og små, gamle som unge. Helga 16-18 august skal stå att som eit stort minne for oss alle i Sunnfjord. Skal vi lukkast med dette krev det ei stor dugnadsånd av alle Eikefjordingar og
støtte fra næringslivet i regionen. Vi ber derfor om at alle i bygda stille opp på dugnad i forkant og etterkant av jubileumet vårt i 2013
Om næringslivet stille opp og støttar oss ved å annonsere i programheftet vårt, vil dette gje oss eit godt grunnlag for vidare utvikling i Eikefjord. Overskot frå ED har i alle år vore nytta til tiltak som kjem alle i bygda til gode. Eit døme på dette er miljø og aktivitetstranda på Sørbøen og midlane som blir tilført lag og organisasjonar som deltek med dugnad.
Annonsørane våre vil bli lagt ut med eigen logo på undersida slik som i fjor: Annosører 2012

Annonse prisar eks.mva
Annonse
Format Pris
Merknad
1/1 side
120 x 190mm
4500,-
Inkluderar standplass på ED 2012
1/2 side
120 x 94mm
2500,-
Tillegg for standplass,
Sjå
1/4 side
120 x 46mm
1500,- Tillegg for standplass,
Sjå
NB! Alle priser innbefatter 4 fargar.
Format programhefte A5
Distribusjonsområde: Flora kommune

Tips en venn

*
*
Inivitasjon/Kontrakt for utstillar:

PDF-Kontrakt med invitasjon