Nyhende

09.08.2013

Ei heil lita bygd tar i mot storinnrykk til ED 2013/ 16-18 august
Nokon av desse var til stades på planleggings møte tirsdag 6 august

08.08.2013

Dugnad for liten og stor...

Eikefjorddagane er ei heil helg fylt med moro for store og små. For å få dette til er det mykje arbeid som må gjerast både før, under og etter arrangementet. Eikefjord grendalag håpar difor at mange kan stille opp og hjelpe til i dagane framover. Som takk for innsatsen får du kaffi og svele, i tillegg til triveleg sosialt samvere og godt samvet:)

Det vert dugnad i morgon, torsdag, frå kl. 18.00 og utover. Det er mest arbeid med rydding, planting, slåing og raking denne dagen.
Veka etter vert det dugnad tysdag, onsdag og torsdag; alle dagar med start kl. 18.00. Her treng ein hjelp til vasking, rigging av telt, pynting, møblering mm.

Då håpar vi å sjå deg på dugnad slik at alle kan få ei strålande helg i vakre Eikefjord.

17.07.2013
Programmet for Eikefjord Dagane er sendt til trykk og vil bli lagt i postkassane til alle husstander som ikkje har reservert seg mot reklame i Flora, Naustdal og Førde Kommune frå mandag 12-14 august
I tillegg vil det kome heilside annonser i Firdaposten og Firda i forkant av ED frå 27 juli + 8 mindre annonser.
Utstillingsplassar er det ikkje att slik det ser ut så langt.
Vi takkar utstillarane som du finn i programheftet for interessa for jubileumsarrangementet vårt.

17.10.2012
Som førebuing til organisasjonsmøte torsdag 08.11.12 kl. 20:00 kallar vi med dette inn til arbeidsmøte i Eikefjord Grendalag med ansvarsgruppeleiarar sundag 28.10.12 kl. 20:15 på Grendalaget sitt kontor. Diskusjonen vil gå kring eventuell struktur og organisering.
Ingen arrangementsmessige detaljar skal takast opp denne dagen.

16.10.2012
Kallar med dette inn til organisasjonsmøte i høve eventuelt arrangement av Eikefjorddagane 2013 torsdag 08.11.12 kl 20:00 på Allhuset i Eikefjord.Eventuell struktur og organisering av arrangementet vil vere einaste sak på agendaen.
Møtet er ope for alle!
Lett servering.

Venleg helsing

Cathrine S. Holsen Gardner
Skrivar, Eikefjord Grendalag.

20.08.2012

Dagane har utvikla seg veldig positivt gjennom desse 10. åra, og er særs viktig

for den framtidige utviklinga og marknadsføringa av Eikefjord.

Styret vil takke alle som har gitt sitt bidrag gjennom dugnad og anna stønad for at arrangementet
blir ein suksess år etter år!

Ei stor takk til alle våre sponsorar, annonsører og utstillarar som var med på dei tiande Eikefjorddagane.

Styret Eikefjord Grendalag
Anders Ole Sunnarvik
- Leiar

Sjå Firdaposten sine bilde frå årets Eikefjorddagar her.

Vel blåst for ei fantasisk helg med dei tiande Eikefjorddagane!

15.08.2012
Sjå bilder frå Eikefjorddagane i fjor (2011)

14.08.2012
Dugnadsånda er fortsatt stor i Eikefjord etter 9 år med Eikefjorddagar. Forberedalsane til det tiande ED er derfor godt i rute.
I kveld var det samla ein fin gjeng som la eit godt grunnlag for dei nærmaste dagar med dugnad i bygda.
Det som var ekstra kjekt var at dei heilt unge og undommen i bygda stilte opp.

Stor takk til dei for dette :-)


Og som tidligare år hadde vi pauser med kaffi og nysteikte sveler.
Så møt gjerne opp i morgon og opplev denne fine dugnadsånda..., smak på svelene og få deg ein god latter når humoren sler seg laus.

08.08.2012
Små justeringer i årets ED program.

* Yoga kurset på laurdag er GRATIS
* Det går buss tur/retur frå Florø til dansen med SPIK ADEL
* Gudstenesta kl.11.00 er flytta til Miljø og Aktivitetstranda om veret tillet det.


Sjå oppretta programplakat her.
NB! Dette er ikkje retta i programheftet som er komt ut til alle husstandane i Flora Kommune

26.07.2012
Programmet for dei tiande Eikefjorddagane er no klart, med unntak av ungdommsarrangementet på fredag 17.august
Dette vil bli marknadsført på facebook og andre digitale media.
Les meir her.

04.05.2012


Eikefjord Grendalag har begynt å marknadsføre dei tiande ED ved å annonsere i 2f magasinet. Annonse
Sjå heile 2f magasinet her.

02.05.2012

Eikefjord Grendalag lanserar eiga nettside

www.eikefjorden.no

Nettsida er ikkje nokon ertstattning for nyheitsida www.eikefjord.net som også blir dreve med støtte frå grendalaget.

www.eikefjorden.no

skal vere ei nettside som spesifikt skal kommunisere ut det arbeidet som grendalaget gjer og for arrangementet

Eikefjord Dagane

Nettsida vil frametter vere under utforming og derav ufullstendig på enkelte felt.

20.03.2012

Det blir holdt årsmøte i Eikefjord Grendalag kommande søndag 25 mars i Allhuset kl.18.00
Årsmeldinga vår finn du her.
Vel møtt!