Om oss

Eikefjord Grendautval vart skipa i august 1982 i samband med at Flora kommune ynkste grendautval i bygder/grender i kommunen. Dette skulle vere utval som hadde uttalerett med tanke på saker/vedtak som hadde betydning/konsekvensar for bygd/grend. Med andre ord var utvala eit verkty for å styrke lokademokratiet og utviklinga i området. Rundt 1987 vart namnet endra til Eikefjord Grendalag og dette bestod fram til 1991 då det vart ei utfordring å skaffe folk som sa seg viljuge til å sitje i styret. Som ein konsekvens av dette vart grendalaget nedlagt. I denne første perioden var grendalaget engasjert i mange saker som gjaldt bygda og grendene rundt.Dei viktigaste er vel å nemne som: Barnehage, idrettsanlegg, byggefelt, sentrumsplan, skulemuseum, og å få verna/freda gamle bygningar i det gamle sentrum som låg på Sørbø, etc.

Grendalaget låg nede fram til år 2000 då det på ny vart vekt til live. Sidan har laget vore svært aktivt og fått til prosessar som har gitt stor utteljing for bygda.Vi kan her nemne, Rv5, opprustning av vegen gjennom sentrum, Eikefjorddagane (2003), bygdeutviklingsmidlar (2004-2006), miljø og aktivitetsstranda, kyrkjebukta, gatelys Knapstadbakkane/Sunnarvikja, framtidsverkstad, ung i Eikefjord, etc

Nokre av desse milepælane finn du i menyen
Historisk arkiv.