Aktivitetar 2012

Aktivitetar under årets Eikefjorddagar finn du her. Med aktivitetar meinar vi alt av program utanom utstillarar på ED.

Barn

Elias
Redningselskapets sin ELIAS er alltid velkomen
på Eikefjorddagane. Å sjå sine eigne håpefulle som
stolte skipparar er vel ein opplevelse for dei fleste
foreldre/ besteforeldre og eit varigt minne.
Les meir her

Hoppbakke K8

Dette var også ein svært populær aktivitet på
Eikefjord Dagane 2011
I år kjem Skiforbundet S&F med heilt ny og eigen hoppbakke som er blitt sponsa av SFE. I år vil den bli plassert på aktivitetsområdet for barneaktivitetar på marka bak ICA bygget.
Hoppbakke K8
Ein ivrig hoppar i 2011
Dyreutstilling
Dyreutstillinga har i alle år sidan 2003 vore ein
"magnet" for barna på Eikefjordagane. Vi håpar
at utstillinga i år skal ha same tiltrekkingskrafta.
Les meir her.
4H mini-leir
Her kan barna "lære ved å gjere"
Les meir her.
Maskotten Eike
Maskotten Eike og natursti med Eike sitt turlag.
Spennande og fengjande for dei minste
Les meir her.
Ansiktsmaling (Berre laurdag)
Her kan barna få spennande motiv/uttrykk malt
i ansiktet. Populært for dei små og eit flott motiv
for dei vaksne om fotoapperatet er med.
Fiskekummar
Dette er vel naturfag på sitt beste før skulestart
mandag den 20 august.
+++
Om noko skule vere utelatt av barneaktivitetar
finn du ein oversikt her.

Barn og vaksne

Galeasen Svanhild
Vi har også i år gleda av å ha med oss Svanhild laurdag og søndag under ED. Her vil det bli turar på fjorden for liten og stor og truleg er det sjørøvarar ombord på nokre av turane.
Heile "sjørøvarmannskapet" kunne ikkje stille, så det vil truleg vere høve for unge håpefulle sjørøvarar å mønstre på under tokta på fjorden :-)
Husk å ta med sjørøvar effektar, som augelapp, sjørøvarhatt og gjerne ein kikkert, då vi skal på
skattejakt.
Og som vanleg har vi med oss
Sparebanken Sogn og Fjordane for å sikre skatten vi håpar å finne.
Les meir her.
"Drive-inn" kino på Idrettsparken
(Fredag 17.aug. kl.22.00)
Les meir her.

NAF Veltepetter og Bråstopp
Veltepetter var ein populær aktivitet i fjor (ED 2011) og NAF hadde stor aktivitet med å la spesiellt ungdom "snurre" i Veltepetteren og det var til tide stor kø for å få prøve dette. I år stiller NAF også med sin "Bråstopp" Her vil du kunne oppleve korleis det er å krasje i 8 km/t
Så enten du vil friske oppatt... eller prøve ein
velt/ bråstopp for første gang så kom til ED 2012
Les meir her.
Skala1
Motoriserte modellfly, båtar, bilar, lastebilar etc. skulle fengje både gammel og ung. Vi har gleda av at
Skala 1 er tilbake på Eikefjorddagane større enn nokon gang før.
Les meir her.
Veteranbuss
Veteranbussen som dei eldste av oss huskar som
kombinert laste/rutebuss til Hyen.
Kan vere vert ein tur for dei fleste, enten for å mimre
eller sjå utviklinga innan buss-standarden.
Les mer her.
Paragliding (tandem)
Fjordane Luftsportklubb vil ha stor aktivitet på
Eikefjorddagane om vere tillet det.
Les meir her.
Yoga
Sicilie Eikefjord Udberg-Helle held kurs i Yoga på Eikefjord Skule for gammel og ung.
Møt opp og få innføring i denne 5000 år gamle treningsforma.
Les meir her.
Omvisning på Hovland Kraft
Hovland Kraft. Eikefjord sin nye "kraftforsyning"
er open for omvisning for dei som vil sjå ein ny og moderne kraftstasjon.
Les meir her.

Underhaldning

Jo Nesbø og Lars Jones
Som ein "topp" i årets program og som avlsuttning på dei tiande Eikefjorddagane held Jo Nesbø og Lars Jones konsert på Langedalsbua kl.16.00 søndag 19. august
Billetter er lagt ut for sal på Spar Eikefjord og hos Narvesen i Florø og Førde
Ver tidleg ut og kjøp billett.
Les meir her.
Kyrkjekonsert med Koriander
Eikefjord sitt eige kor Koriander held kyrkjekonsert
i Eikefjord Kyrkje kl. 20.00 fredag 17. august
Les meir her.
Ole Johnny Eikefjord
Om du har sett "Sommertid" på TV2 har du opplevd
Ole Johnny sitt smittande og gode humør framføre
gode mattips. På Eikefjorddagane kan du oppleve han
live på scena i sentrum (laurdag)
Les mer her.
Dans på Langedalsbua med "Spik Adel"
I år er Spik Adel tilbake som band på laurdagsdansen
Les meir her.
Bård Leite
Minikonsert med Bård Leite på scena laurdag
Les meir her.
"Open Scene"
Møt opp i storteltet i sentrum fredag kveld og kom
i godt ED (DDE:-) humør til helga.
Mykje spennade på scena
Les meir her.